Me hamna her etter tilråding frå resepsjonisten på Scandic Ålesund. Og me angra ikkje på tilrådingi. Dei har eit godt utval i burgarar, spareribs og litt anna. Kona valde pulled-pork burgar og sa at det var den beste pulled pork burgaren ho har ete. Eg åt ein Texas BBQ burgar, og den var høgt på lista mi over gode burgarar. Saftig, smakfull og med særpreg.
Lokalet er amerikansk-inspirert, prisane heilt geie, servicen rask og god og dei har eit veldig utval av drinkar. Som ølelskar fann eg utvalet noko lite. Dette, saman med at eg kunne tenkt meg ein litt breiare meny med t.d. biff, er med å dra krakteren ned frå ein 5'ar til ein 4'ar.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.