Vi tok turen med skyssbåten og ville ta ein middag på restauranten. Veret var med oss, og vi fekk verkeleg sett kor vakkert staden kan vere! Unik innramming med dei høge fjella som kulisser! Dessverre var opplevinga i restauranten selsam. Til trass for at vi hadde ringt på førehand, verka ikkje personalet budde på at vi skulle kome. Først etter at vi hadde fått kontakt med først ei - så ei til av dei som jobba der - og venta midt i glaninga på dei - fekk vi organisert oss eit bord, delvis på eiga hand. Deretter heldt personalet fram med å rydde dei borda som var tomme. Utan å by oss korkje drikke eller meny. Til slutt kom ein servitør som villig vekk meddelte at ho hadde jobba altfor mykje, at dei var for få på jobb, og at ho helst ville ha seg ein røyk - før ho kunne ta bestillingane våre. Dei var dessutan tomme for det meste. Dermed blei valet nokså enkelt: Vi bestilte burger, som forsåvidt smakte godt, sjølv om porsjonen var i minste laget. Vi kunne godt ha tenkt oss ein kaffi og dessert etter maten, men ettersom vi skulle attende med skyssbåten, måtte vi berre skunde oss å betale. Ein skulle tru at ein og ein halv time skulle halde i mengder for å få ekspedert ein enkel middag med dessert - men her treng ein altså meir. Vi sit att med ei kjensle av at mykje kunne vore organsiert på ein betre måte, og at staden på ingen måte ville vore konkurransedyktig om der eksisterte noko alternativ.