Me hadde ei natt på hotell Brosundet rett før jul 2020. Me såg bileti av bygningen og likte stilen med dei grove berekonstruksjonane i tre som ein har att frå det var ein lagerbygning. Det gjev serpreg og stil. Me ringde og tinga plass for å få nokre svar i høve koronatiltak, og møtte hyggeleg og effektiv service.
Det var ein venleg og god innsjekk, og vårt standard dobbeltrom i 5 etg. var stort og fint med ei diger og god seng, to stolar og skrivebord. Badet var romsleg, og godt utstyrt. Eg sakna likevel ein dobørste.
Me åt ikkje middag på hotellet, og var heller ikkje i baren, så det kan eg ikkje vurdera. Eg tok ein whisky i resepsjonen om kvelden, på ny god og hyggeleg service, og det var flott å sitja i ein fint pynta resepsjon med fyr på den digre peisen.
Frukosten var prega av korona, og var ein ferdig tallerken me fekk. Der var det ulike brødskiver, litt grønt, ei sylteskål(nydeleg rørt jordbærsylta) og fleire typar kjøtpålegg, samt eggerøra og bacon. Me spurde om meir bacon , og fekk ei heil skål. Drikka vart servert. Ein kunne og finna seg frukostblandingar, smooties, og litt søtt og bita i. Deriblant nokre heimelaga og særs gode julekjeks. Alt var av god kvalitet og eg elska å sleppa å verta spurd om eg var veggis eller anna rart.
Stilen i matsalen var og flott med grove trebord...Me hadde ei natt på hotell Brosundet rett før jul 2020. Me såg bileti av bygningen og likte stilen med dei grove berekonstruksjonane i tre som ein har att frå det var ein lagerbygning. Det gjev serpreg og stil. Me ringde og tinga plass for å få nokre svar i høve koronatiltak, og møtte hyggeleg og effektiv service.
Det var ein venleg og god innsjekk, og vårt standard dobbeltrom i 5 etg. var stort og fint med ei diger og god seng, to stolar og skrivebord. Badet var romsleg, og godt utstyrt. Eg sakna likevel ein dobørste.
Me åt ikkje middag på hotellet, og var heller ikkje i baren, så det kan eg ikkje vurdera. Eg tok ein whisky i resepsjonen om kvelden, på ny god og hyggeleg service, og det var flott å sitja i ein fint pynta resepsjon med fyr på den digre peisen.
Frukosten var prega av korona, og var ein ferdig tallerken me fekk. Der var det ulike brødskiver, litt grønt, ei sylteskål(nydeleg rørt jordbærsylta) og fleire typar kjøtpålegg, samt eggerøra og bacon. Me spurde om meir bacon , og fekk ei heil skål. Drikka vart servert. Ein kunne og finna seg frukostblandingar, smooties, og litt søtt og bita i. Deriblant nokre heimelaga og særs gode julekjeks. Alt var av god kvalitet og eg elska å sleppa å verta spurd om eg var veggis eller anna rart.
Stilen i matsalen var og flott med grove trebord og utsikt over ålesundet. Vårt tomannsbord var flott, men syrgjeleg lite. Det var knapt plass til det me fekk.
Alle som serverte oss snakka til oss på engelsk, sjølv om me høyrde at ei svara på eit nokolunde norsk, då eit eldre par nekta å snakka engelsk. Eg har ein kjepphest om at eg vil nytta mitt eige språk i mitt eige land! Det er diverre ofte det er uråd, og for meg er det med å dra denne omtalen ned frå 5 til 4. Dei me hadde med å gjera var hyggelege, raske og ytte god service, men det vert likevel ikkje toppkarakter grunna språket.
Som dialektbrukar opplever eg og at mange i servicenæringane har vanskar med å kommunisera med meg. Og eg kan forsikra om at eg ikkje legg om til bokmål for å verta lettare forstått! Slik sett nyttar eg heller engelsk, men det er ikkje godt nok.
Alt i alt eit veldig fint hotell, veldig hyggeleg og god service, god mat (om enn ikkje heilt bufe) som misser ein karakter grunna ein bagatell som ein manglande dobørste og ein viktig ting som språk.Mer
Vis mindre