Me budde her ei natt i surt septemberver, så råma var ikkje den beste. Men utsikti over hamna og sjøen, med vind og tunge regnbyger, var faktisk eit høgdepunkt i frukosten!
Hotellet ligg i noko rolegare omgjevnadar enn dei på andre sida av sundet, dermed slepp ein støy utover kvelden slik me opplevde på eit anna hotell ein annan gong. Det er likevel kort gange til alt i sentrum. Parkering er dyrt, 250 kr pr døgn i parkeringshus. Me kom seint og reiste tidleg, så me valde å parkera på gata og slapp med to timar a 25 kroner.
Rommet var bra stort, med veldig flott utsikt over hamna i Ålesund. To gode stolar med krakk var og populært. Badet var litt lite, og dusjen var i eit badekar med veldig høg kant for å koma inni. Ikkje noko for gamle folk! I tillegg vart det mykje vatn på baderomsgolvet då skjerminga var for dårleg. Men trykket i dusjen var godt!
Frukostsalen er nyoppussa og fin. Det er ei verkeleg god utsikt mot hamna og øyane ute i sjøen. Me var her i koronatida, så frukosten var ikkje veldig avansert. Men frukosten vert aldri dårleg så lengje ein får speilegg og bacon!
Eg ville eigentleg ha gjeve hotellet ein 3'ar. Men så var det personalet då. Då me kom var det ei makalaust triveleg jenta som tok i mot oss. Strålande blid, venleg og med god tips og råd til kva me kunne gjera og kvar me kunne eta. Og tipset hennar for middagen var midt i blinken! Norsken hennar var også god, eit stort problem på alt for mange turiststadar! Mannen som sjekka oss ut hadde breitt møremål, og var like triveleg. Difor vert det ein 4'ar. På grunn av personalet, og at dei har fått på plass att bacon!