Tok turen med familien til Spjelkavik i forbindelse med eit besøk på sjukehuset, og for ein sørvis! Vi fekk tips om beste staden for å ta ein dukkert, omvising for ungane med ballongdekor, barna fekk is og velkomstgåve ved ankomst, og vi fekk nyte eit godt og innbydande kveldsmåltid inkludert i prisen. Rett ved hotellet kunne vi ta ei runde med bowling før leggetid, noko som var kjekt for både store og små. Romma var reine og store, med plass til heile familien på 4 utan å gå oppå kvarandre. Nattevakt var svært vennleg og behjelpeleg med eit glas melk på natta når det vart vanskeleg for ein liten krabat å sove. Det perfekte familiehotellet i rolige omgivelsar rett utanfor Ålesund. Vi kjem tilbake!