Heilt greitt akvarium, med nokre utandørs basseng med sel / kobbe, pingvin og oter. Otrane skulle matast kort etter at vi måtte reise, men dei hadde truleg føremiddagskvile da vi var der, for da var det ingen otrar å sjå. Vi hadde nok trudd at Atlanterhavsparken levde meir opp til namnet i sjølve akvarium-opplegget. Med den flotte plasseringa heilt i fjøresteinane, er det naturleg å forvente at dette kjem meir til uttrykk i sjølve akvarium-tilbodet. Men så vidt vi kunne sjå, var det heilt ordinære akvariumsbasseng, som kunne ha vore innandørs kor som helst i verda.
For småbarnfamiliar en fin sommardag er det sikkert heilt flott, for på utsida (vendt mot sjøen) var det fine uteplassar der små ungar kan boltre seg når det blir kjedeleg å gå lenge innandørs.