Lille Marked løfta nivået himmelhøgt i forhold til kva området elles har å tilby! Det er som å ta ei reise nedover i Europa. Her kan ein verkeleg drøyme seg vekk. Mykje god deilige ostar og nydelege pølser. Med deilig tilbehør. Knallgode brød og for ikkje å snakke om den luksusgode sjokoladekaka, nam nam nam :-) Kan verke litt fullt, men eg har alltid funne bord. Vi var her med barnevogn og det gjekk heilt fint. Eg er misunneleg på Florøværingane (the locales) som kan gå til lille marked å ta seg eit glas vi og ein salat og gå heim att. Kjedeleg å måtte køyre! Nesten so eg får lyst å flytte til Florø berre på grunn av det :-D