Budde på eit standard dobbeltrom, og desse romma er små, men utruleg trivelege likevel. Elskar alle dei fine detaljane og dei friske fargane. Smart-TV er heilt supert, og det var også kjekt med den gode høgtalaren frå Bose. Badet er også lite, men regndusjen er knallgod. Gode produkter på badet. Gratis vatn og farris i minibaren, tusen takk for det 🙌 Vi hadde to veldig fine netter her i ei god seng, og er veldig nøgde med hotellet. Beliggenheten er jo også heilt suveren. Korona-frukosten var bra. Litt kjedeleg at det vart rot med betalinga då vi skulle sjekke ut, men etter å ha ringt hotellet fleire gonger, fekk vi svar på kva som hadde hendt. Det set vi pris på.