Eg og min sambuar har vore på ein liten hotell-safari i Stavanger i sommar, og budd på mange ulike hotell frå ulike kjeder. Vi budde på Clarion Stavanger i ei natt. Vi ankom hotellet i 12.30 tida, og vart møtt av to blide resepsjonistar som hjalp oss å låse inn bagasjen vår. Då vi kom tilbake for å sjekke inn klokka 15.00, fekk vi beskjed om at rommet ikkje var klart. Det viste seg fort at dette også gjaldt for svært mange andre rom, så etter kvart var både resepsjon og restaurant fulle av folk som venta på rommet sitt. Det var forseinkingar med reinhald og levering av sengetøy. Dei to resepsjonistene var bytta ut med ei som sto heilt aleine bak disken for å handtere kaoset. Ho fekk høyre det frå fleire gjester, men ho handterte det heile utruleg godt. Ho var svært profesjonell. Leiinga på hotellet bør være takksame for å ha slike ansatte. Vi fekk rommet i 16.00- tida, og vi vart kompensert med gratis minibar. Heilt topp det, spør du meg 😁
Vi budde på ei suite med strålande utsikt. Rommet er kanskje litt utdatert, men det har absolutt sin sjarm, og vi likte oss veldig godt. God seng, masse plass, badekar og dusj separat. Frukosten var god, og korona-løysinga fungerte godt. Utsjekk gjekk knirkefritt. Pluss for åpent treningsrom. Clarion Stavanger var det einaste av alle dei hotella vi besøkte som hadde dette. Dette var heilt klart det hotellet på rundturen vår som ga oss mest verdi for pengane.
Vil også legge til at eg hadde vore ein del i kontakt med hotellet i forkant pr e-post. Dette for sikre meg rom med badekar. Her skilte hotellet seg også positivt ut samanlikna med alle dei andre eg også var i kontakt med. Fekk ordna alt eg ynskje utan problem, og kommunikasjonen fungerte utmerka. Rask responstid var det også. Heilt topp!
Hotellet anbefales, og ein ekstra shoutout til Julia i resepsjonen som var heilt fantastisk i ein situasjon som sikkert var heilt grusom å stå i aleine.
Vi kjem gjerne attende ved eit seinare høve 👍😊