I desse coronatider var me veldig spent på korleis det var å gå ut og ete. K2 har tatt dette på alvor. Då me opna døra stod det ein smilande servitør og tok i mot oss. Han ønska oss velkommen og hadde handsprit klar til oss. Borda var plassert veldig langt frå kvarandre.
Restauranten har to menyar. Ein vegetar og ein kjøt og fisk. Me valgte kjøt og fisk. Den bestod av ein 5 rettar pluss fingermat i starten. Me valgte og drikkepakke.
Heile måltidet var ei fantastisk oppleving. Me fekk bruka alle sansane på ein fantastisk måte. Utruleg mange smaksopplevingar. Det var som å vera på ei kunstutstilling der alle sansane blei tatt i bruk. Drikkepakken var og ei oppleving. Dei hadde laga nokre av dei sjølv "drinkar", og så hadde dei spesielle vinar. Magisk. Alle som var på jobb denne kvelden viste med heile seg at dei trivdes med det dei jobba med. For kvar rett, blei me fortald om ingrediensene og kvar dei kom fra. Alt var fra nærområdet. Det var heile tida ei roleg atmosfære. Absolutt å anbefale.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.