På vår vetle hotelsafari i Stavanger, var Thon Hotel Maritim vår første stopp, og for ein fin start. Rommet vårt låg i 5.etasje, og var ein del av eit tilleggsbygg til hotellet, noko som gjorde at det hadde eit særpreg med skråtak og synlege bjelker inne rommet. Veldig koselig. God seng, stor tv med Chromecast og friske farger på møbler og tapet. Det einaste som trakk litt ned, var ein smått sjenerende lukt av kloakk/gamle rør i gangen og på badet. Men vi brukte ikkje mykje tid på å henge verken i gangen eller på badet, så det gjekk forsåvidt heilt fint. Stort og velutstyrt treningsrom er alltid eit stort pluss.
Så til sjølve rosina i pølsa: frukosten. Den var virkelig over all forventning. Vi valgte å stå opp tidleg, slik at vi slapp kø, og vi var nesten aleine i spisesalen. Maten var så godt gjennomført, og alt såg utruleg innbydande ut. Smakte også heilt fortreffeleg. Har budd på fleire av hotella i noreg som er viden kjend for sin gode frukost, og den vi fekk presentert på Maritim i dag står ikkje tilbake for nokon av dei.
Tusen takk for oss