Her får du mykje for pengane. Hotellet er veldig fint, og personalet er trivelege. Rommet vårt var stort og flott, reint og triveleg. Badet var strålande! Flott badekar og fine fliser på veggane. Restauranten serverte nydeleg mat, og vår servitør var ein veldig hyggelig kar med Bergensdialekt. Veldig positiv oppleving av Kitchen & Table. Flott frukost, og alt fungerte godt mtp koronatiltaka.
Hotellet ligg utanfor sjølve sentrum, men det går buss stort sett heile tida, og holdeplassen er rett ved hotellet. Det er også berre 5 min gange til eit stort kjøpesenter.
Prisen på rom låg vesentleg lågare enn hotella inne i sentrum, og standarden er høg. Anbefales trygt vidare til alle som skal besøke Stavanger 😊