Har vært på Hanekam på dagtid ved 4 anledninger, har alle gangene sete utendørs der og drukke kaffi med venner, sist nå fredag ettermiddag. Eg bestilte et krus vanlig svart kaffi og et glas isvatn muntlig direkte av ho som var på jobb, ho bekrefta bestillingen, forsvant inn og kom aldri tilbake. Eg venta tålmodig men kunne ikkje unngå å legge merke til at det ikkje var kundar ved baren som gjorde at ho var opptatt og ikkje kom tilbake, for det var ingen kundar der, å ho sjølv stod bare der og gjorde ingenting. Etter 15-20 min.gjekk eg inn og spurte høflig om kaffien min og isvatnet mitt var klart til meg-då fekk eg til svar at eg måtte bestilla via app. Eg svarte ok og gjekk ut igjen til vennene, dei syns dette var rare greier for dei hadde fått bestilt kaffi direkte av ho samma, og fått betalt med visakort rett før eg kom. Eg fant fram til appen, måtte legga inn alle opplysningar om meg sjølv, fekk lagt ein kopp kaffi til i bestillinga men skippa vannglasset for det fant eg ikkje innpå appen. Fekk opp betalingsalternativer i appen og valgte Vipps då eg trudde det kom til å gå kjappare enn å legga inn alle tallene på visakortet-vennene begynte så smått å bli utålmodige for me skulle bare ta etpar koppar kaffi på Hanekam og så skulle me vidare på shopping var meininga. Innpå appen blei ting bare verre og verre, no hadde eg komt til et sted der eg måtte velga kor eg ville ha varen (kaffikoppen)levert. Det var 3 valg; Hjemme, på jobb ELLER adressen til Hanekam, som eg selvfølgelig ikkje veit. Kven veit adr til stedet dei kun skal ha seg litt kaffi? På dette punktet hadde det gått nesten 40 minuttar fra eg ankom-og ein kunne tella på ei hånd kor mange kundar det var, ho bak baren sto bare å tvinna fingre der. Så då sa eg til vennene at eg bare måtte klara meg uten den kafikoppen, eg gadd ikkje gå inn og spør ho bak disken etter adressen for å få kaffikoppen levert. Det kan godt henda at eg ikkje er den einaste som har hatt samma problemet, for eg pleie no å klara meg greit på nettet og på appar. Lite brukervennlig app Hanekam har syns eg.
Men DÅ kom ho faktisk ut, og på måten ho presenterte at ho kunne ta direkte bestilling og at eg kunne få betala med kort, så forstod me jo at ho hadde sett på strevet mitt ei stund før ho tilbaud seg å ta det direkte i staden for gjennom appen.
Så, når det var ein heil time siden eg ankom Hanekam så fekk eg endelig kaffien min og et glas isvatn. Minste kaffikoppen ever, søt men bitteliten-å ingenting supergodt med den kaffien heller, men heile 30!kroner for den lille koppen svart kaffi skulle dei jammen ha.
Eg ville ha meg et kjapt påfyll kaffi óg før me gjekk, for å få i meg varmen igjen etter å ha sete ute å knota med den bestillingen så lenge, og så måtte eg jammen betala 30kroner for kopp nr 2 óg, for dei «har ikkje påfyll», som ho formulerte det..
Blir nok ikkje til at me går dit fleire gonger nei, kan ikkje anbefala stedet heller, for dei 3 forrige gongene me var der var ikkje stort bedre enn denne siste gongen.
Kanskje Hanekam gjere det bedre som pub enn som kafé, eller at ein ‘drikker det bedre’? Men eg vil ikkje begynna å drikka alkohol for å trivas, då finner me heller eit bedre sted enn Hanekam. Dei har satt lista lavt, så det er ikkje vanskelig.