Har vore to gongar for takeaway her. Mellom desse to bestillingane har det gått over ein månad.
Bestilte forskjellig burger desse to gongane og var like skuffa over begge. Det er vanskeleg å sette fingen på kva som er kjipt med burgerane, er nok i stor grad burgerane totalt som er manglande kvalitet på.
Bestilte også fries, som desverre vert drukna i grillkrydder/piffi/pommes frites krydder. Eg foretrekker mine fries med berre salt, men taklar litt pommesfrites krydder. Men her er det så store mengder krydder at det ødelegge smaken på friesen totalt.
Bestilte også aioli til fries. Eg personleg kan ikkje fordra majones, men er veldig glad i aioli. Denne aiolien derimot er nok den dårligaste eg har vore borti. Den var veldig fast, samt ein heftig mangel på kvitlauk. Aiolien var betre den fyrste gongen eg bestilte mat herfrå.
Ein skuffane matoppleving er greit og derfor valgte eg å gi The Shack Tasta ein sjanse til, men igjen vart det ei skuffande oppleving og tankar om å ha kasta vekk pengar som eg heller kunne brukt til eit mykje betre hamburgermåltid ved Mcdonal's....