Bestilte dette etter å ha lest bra omtaler og at det var passe på den ruta som eg skulle kjøre. Ligg fint te ved brygga med fin verandar ut mot vatnet. Vart godt teke i mot og forklart om rom, middag og frokost. Veldig reint og fint i hotellet og på rommet. Er det noko eg skulle klage på så er det at dusjen var litt liten, men det gjekk bra. Var ned og fant plass på verandaren og bestillte middag. Det vart noko `heilnorsk` med røkt svinekam. Var den god? Ja kva svarar du på slikt? Jau den var det, akkurat som du ville laga den hvis du var heime og du lagar vel ikkje dårleg mat? Gjer du vel? Dessert med pannekake,is og blåbærsyltetøy? Det smakar alltid. Moro med at dei hadde mange variantar av lokalt bryggeri. Han som serverte meg var fra India, hadde flytta hit frå Oslo. Hadde ein lun humor og veldig blid og høfleg, moro og treffe slik betjening som her! Alt i alt et hotel eg med glede kjem tebake te.