Utruleg god seng, med regulerbar fastheitsinnstilling av madrassa sine tre soner, i eit rom med utsikt over Noregs djupaste innsjø, var perfekt opplading til turen mot Skålatårnet.
Hadde sein ankomst, men tidleg vaken til ein flott frukost! Den inneheldt alt me ynskte av kokte og steikte egg, bacon, røykelaks, skinke, salatar, grønsaker, ei fabelaktig sennepssild, syltetøy, youghurt, pluss mykje me ikkje rakk smake på. Ein vert jo mett! Ser at somme sutrar over manglar ved frukostbuffeten, men det gjer ikkje me! Og at me fekk smørja «stor» niste til 75 kr var eit nytt stort pluss!
Og ei knallgod speleliste med akkurat passe volum, så me likevel kunne prate dempa i spisesalen, sette ein ekstra spiss på det heile.
Kjempegod service i resepsjon og spisesal. Dette hoteller fortener alle sine fire stjerner!
Berre synd det var skodde og regn på Skåla dagen derpå, så me ikkje fekk gjennomført turen😊.