Me kom til Hornindal om ettermiddagen, me vart teken imot på ein flott måte og effektivt sjekka inn på rommet. Rommet var reint og fint med flott utsikt over vatnet. Senga var god.
Me var svoltne og freista å få oss middag i restauranten. Kanskje som ein følgje av covid-19 måtte me tinga maten i baren. Han som tok imot bestillinga kunne ikkje norsk. Me valde stekt kylling med sopp. Me fekk retten i normal tid, den var pent presentert og smakfull, men dessverre ikkje heilt gjennomsteikt. Ingen snakka til oss i løpet av måltidet. Restauranten var nokså full. Når dei kom for å rydde av bordet spurte ingen om maten var god til tross for at me ikkje hadde ete opp og synleg usteikt kylling var att på tallerkenen, når me likevel forklarte (på engelsk) at kyllingen ikkje var gjennomsteikt fekk me eit mumlande «sorry» til svar.
Til frukost dagen etter vart det litt klabb og babb med å finne rett bord. Det heile vart litt meiningslaust når det likevel var buffet med lite organisert kø.
På frukostbuffeten var det ok utval, men det som normalt skal vere varmt (egg, bacon, pølser osv.) var kaldt. Mens kaffien på termos var heller lunken.
Me la også merke til at delar av betjeninga på frukostservering var dei same som var på i restauranten kvelden før.
Du svelt ikkje på Raftevold, men ikkje forvent utkvilt og smilande tilsette eller vellaga og minneverdig mat.