Utruleg koseleg å kome på kvelden til stearinlys i alle lykter, og bålpanne som skapte stemning. Roma var heilt Ok, koselege, og Ok madrasser og dyner (ikkje dun eller ekstra gode madrasser). Det var veldig lytt, men der låg klar øyreproppar til bruk, og klientellet der var roleg.
Frukosten var enkel, men god. Eg sakna litt meir grønt, medan mannen var heilt fornøgd. God kaffi og det vart passa godt på at der ikkje mangla noko. Utruleg koseleg stemning, hyggeleg og serviceinnstilte ansette, me hadde eit flott opphald.