Eg trengte å finna på noko ei helg i juli med kidsa på budsjett, og ville utforske Telemark litt.
Vi valde då å reise til Bø, men valde å ikkje dra på Sommarland.
Vi leide ei heilt grei hytte med trangt soverom med to køyesenger, bad og eit kjøkken med spiseplass til fire-fem. Standard utrusting i skap og skuffer, eldre komfyr, lite kjøleskap og TV med Altibox dekoder. Veldig bra 50 mbit internettlinje!
Kun to vinduer i hytta som var konvertert boligbrakke, dermed litt mørkt, men det var reint, og ein får det ein betalar for.
Stort område med mange campingvogner med spikertelt. Tydeleg populær plass for faste campingturistar. Også tydeleg at dei satsar på ferieturisme, med ein resepsjon, liten butikk/kiosk og kjøkken der det var mogleg å bestille enkle rettar og god pizza. Dei tilbydde også frokostbuffet, men dette valde vi å ikkje bruka.
Fin leikeplass med trampoline, og fellesområde med grill. Ein kunne også låne grill og ta med til hytta.
Kort veg til elva. Der var det kjørt på med sjøsand slik at det var flotte bademuligheter og fint å fiske.
Sjølv om det var midt i juli var det ikkje fullbooka, og det var roleg og lite folk å sjå på dagtid då sikkert mange av barnefamiliane var i Sommarland.
Dei tilbydde også kanoutleige som vi benytta oss av, og det var kjempefint sjølv om det var "billigkano" med plass til maksimalt to i kvar kano.
Flott plass med enda større potensiale om dei satsa litt meir på inntrykket på hytta. For eksempel ville det å byta ut noko av det gamle dekketøyet (glass og tallerkener hadde fire ulike design) med f.eks. standard IKEA-utstyr til ein rimeleg pris, ville gjort inntrykket eit lite hakk meir profesjonelt og "eksklusivt". Det er lite som skal til.
Men - for ei helg med godt vær var det ein fin plass der ein pappa og to jenter på 8 og 13 kunne kose seg utan å bruke så mykje pengar. Kort veg til Bø sentrum og også til Seljordsvatnet. Vi hadde eigentleg planar om å farte litt rundt, men det blei ikkje noko av då vi heller hang rundt elva og bada og brukte kano, og vi fekk eit kort tordenvær på laurdagsettermiddagen. Då det hadde blåst ferdig blei det fint igjen og vi dro ut og fiska om kvelden. Tydeleg at det var mykje småfisk, men vi fekk dessverre ingen fisk, verken med fluedupp, mark eller sluk/spinner. Barn under 16 fiskar for øvrig gratis, men dei over 16 kjøpar billig fiskekort med SMS.
Enda billigere ferie er det om ein kjem med telt, og eg har ikkje vurdert fellesfasilitetane for teltbuarar. Vi syns det var deilig med eige bad og kjøkken.
Alt i alt var det ei fin helg på ein fin plass med enda større potensial.