LHL Lærdal var på busstur og budde tre netter på dette hotellet. Velkomst og service var me fornøyde med. Me fekk veldig god mat, einaste at fata på frukosten var nesten tomme da vi kom kl 9, tida me fekk tildelt eine dagen. Det tok litt tid før dei greide å fylla på med egg og bacon, kokt egg og pålegg. Men, alle vart mette og gode til slutt. Middagsbuffen var veldig god med rikelig mat. Romma var ok, reint og fint over alt. Me likte godt å sitja i den blå stova på kvelden og prate og kose oss. Dette hotell var eit bra utgangspunkt for dagsturer me tok på Telemarkskanalen og Dalen hotel med Afternoon tea. Takk for oss!