Fjellstogas viltkveldar er berømte langt ut over Hovden sine grenser, men i desse korona-tider er det ikkje lett å få plass til alle som ønskjer å delta. Difor har restauranten laga eit viltbuffettilbod som søndagsmiddag. Og for ein buffet Chef Trond og co har trylla fram. Kalde og varme rettar i hopetall, med dei kalde i imponerende flertal, som fjellaure i alle variasjoner, innbakt, varmrøykt, grava i edle dråpar, spekt og sylta, spekte rypebryst, andebryst, samt elg, hjort,} reinsdyr og rådyr i eit smaksmangfald du berre kan drøyma om.
For dei som orkar dessert etter dette etegildet, er bordet fylt med det meste ein søtmons kan ønskja seg.
Høyrest dette forlokkande ut? Skund deg å bestilla. Me fekk bord med eit naudrop, og for ei matoppleving.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.