Hei.
Det er alltid kjedelig å høyra at gjester har hatt ein dårleg opplevelse hjå oss, men etter skuffelsen har lagt seg går det over til å verta ein inspirasjon til å gjera ting betre. Takk for tilbakemelding.
Det som er heilt innlysande er at bakeriskiltet burde vore dekka til. Det er kona mi som bakar, og med astma har det ikkje vore tilrådeleg for henne å stå i ein butikksetting med den smittefaren det medfører denne summaren. Det har heller ikkje vore økonomisk forsvarleg å leige inn nokon i hennar stad, når me i realiteten kun har hatt 3 veker med normal summartrafikk.
Om summaren er Kjærtveit Camping arbeidsplassen for meg, henne og 7 ungdommar...men i år kun meg og 2 ungdommar. Det gjer nok at du ser pågåande malingsarbeide og eit grøntanlegg på etterskot...eller som du seier eit slitent anlegg.
Dusj og toalett anlegget vart renovert til 2019 sesongen. Då valgte me å ta vekk myntpåkast på varmtvatnet, og gå over til armatur som gjev deg varmt vatn i 20-30 sekunder i slengen. Fram til då var myntpåkastet eit irritasjonsmoment, og at varmt vatn i dusj og håndvask no er inkludert i prisen er stort sett noko gjesten set pris på...men som det viser seg; med unnatak.
Me har behelde myntpåkast på oppvaskbenken for å halde kostnadane nede. Det går ikkje ann å forsvare fri tilgang for varmt til dette formålet. Då måtte ein lagt ein betydeleg sum oppå overnattingsprisen, som eg ikkje trur den jamne gjest er interessert i.
Camping var/er ein billig måte å feriere på der ein kunne velge vekk det ein ikkje trong...slik som f.eks oppvask, klesvask eller straum til bubilen. Likevel inkluderer me dusj, Wifi, toalett tømming, gråvatntømming og ferskvatnfylling i prisen.
Dårlig holdt, og skittent er også ein del av ressonnementet dit. Det er berre å beklage...eg er heilt inneforstått med at opplevelsen av reinhald er individuell, og det einaste me kan gjera er å jobba hardare.
Beste ynskjer for resten av summaren.