Me hadde siste natta på ein MC-tur rundt kysten på Kong Carl i mai 2020, midt i koronarestriksjonane. Likevel vart det eit framifrå opphald. Hotellet er heilt etter vår smak, gamalt, koseleg, lunt og med sjel. Og nærast like viktig, servicen me møtte var verkeleg av fyrste klasse. Ei nordnorsk jenta i resepsjonen var blid, morosam og veldig triveleg på alle vis. Og lukka var at det var ho som serverte frukosten dagen etter også!
Rommet vårt var ikkje veldig stort, men fint og stilig ifylgje kona som har greie på slikt. Badet var digert, og heilt nytt. Sengi var god. Det er nærast noko engelsk over å gå i gangar som krokar i alle retningar.
Av dei tre hotelli me budde på denne turen, var det Kong Carl som hadde den beste koronafrukosten. Med god margin! Det var både egg og bacon, kokt egg, rikeleg av anna pålegg, frukt og grønt, yogurt, og bakst. Veldig bra løyst når ein ikkje kan ha bufe.
Eit hotell eg verkeleg kan tenkja meg å koma attende til for litt god gamaldags luksus til ein overkomeleg pris.