Reint og ryddig hotell. Flotte, store rom. Vi hadde med oss to ungdommar, og dei fekk fint plass på rommet.
Stort bad med lekre badeprodukt, både dusj og bad.
Super service!
Fint bassengområde, med rikeleg med solsenger. Mjuke, gode badehåndkle som du kunne skifte når du ville.
Rikholdig frukost, med "omelettkokk" - som laga verdens beste varmmat.
Treningsstudioet har vi ikkje sett maken til, og vi trente gratis.
Vi tok ikkje i bruk restaurantane, men prøvde Skybeach i 19.etasje. Vil anbefale alle på det sterkaste å ta ein tur dit. Utsikt over heile byen og levande taffelmusikk ved infinitypoolen.
Minus for omgivelsane. Hotellet ligg midt i bargata, og det var mykje trafikk som rasa forbi i den smale gata.
Kjem gjerne tilbake!