Når restauranten ligg så høgt oppe på Tripadvisor og det er ein fiskerestaurant i Svolvær har ein gjerne høge forventningar. Desse forventningene vart dessverre ikkje innfridd. Flotte lokaler og nydeleg beliggenhet. Knøttliten meny med svært begrensa utval. Me måtte vente i heile 50 min frå me bestilte til maten vart servert. I tillegg var dei tom for fleire av vala på drikkemenyen.
Når det kom til maten var to av fire fornøyd. Vel, dei to som var fornøyd likte maten, men det var små og dyre porsjoner. Dei to andre, som bestilte dagens fangst, fekk servert oversteikt og tørr kveite. Smaken på tilbehøret var bra, men når kveiten er tørr (og det er eit forholdsvis lite stykke - mindre enn forventa), i tillegg til forholdsvis høg pris, så blir ein skuffa. Me hadde forventa meir her av ein fiskerestaurant i Lofoten der dei har tilgang på noko av verdas beste råvarer.
Ingen servitører spurte korleis maten smakte, men når me gav våre tilbakemeldingar (etter rekninga var betalt) for å vere hyggjeleg å gje konstruktive tilbakemeldingar var svaret at «kokkane har gått heim». Det verka ikkje som dei var interessert i tilbakemeldingar i det heile. Utan at det betyr så mykje så hadde eg trudd det var fleire som snakka norsk ein plass som dette. Det såg ut som ein veldig tradisjonell fiskerestaurant.
Alt i alt, grei mat, men for dyrt og små porsjoner. Me kjem dessverre ikkje tilbake her.