Julebordhelg i desember er ikkje optimal bakgrunn for å meine mykje Fretheim Hotell som feriehotell, men innendørs er vel hotellet det samme året rundt. Ein merkar fort at det er eit hotell med sjel. Eit hotell utbygd steg for steg og med stor grunnflate til slutt gjer det til litt av ein labyrint å bevege seg gjennom i starten, men når ein har god tid blir det også ein kvalitet ved hotellet. Vårt rom heilt ok. Gode senger er det viktigaste.
God mat til julebordet med prima lutefisk er vel kkje det turistane etterspør, mmen god service og rask og effektiv ryddigheit må me tru det er i turistsesongen også.
Skal eg sei noko negativ må det vere mykje utanlandsk betjening med moderate norskkunnskapar. Det var greiast med dei som snakka engelsk til oss.
Eit anna ankepunkt var mangel på koselege salongar med gode sittegrupper å opphalda seg i. Julebordkveld er her sikkert ikkje rette kvelden å bedømme dette men eg reknar med at det er mange gjester som ynskjer å "mingle" rundt sommarkveldane også.
Men altså konklusjonen min totalt var Very good.