Me har vintercampa i Røldal i over 10 år. Campingen er rein og velholdt og Røldal er ein snøsikker plass som gjev mykje vinterglede der skituren startar rett utanfor vogndøra.
Sjølve campingen er passeleg stor og det er aldri kø i sanitæranlegget.
Campinglivet er sosialt, og ein fin stad å samle vener, gamle og unge, er tv-stova.
Campingen er perfekt som utgongspunkt for turar både haust og vinter. Kort veg over til Haukeli, Vågslid og Hovden om ein kjører litt austover. Elles er sjølvsagt Håradalen, Seljestad og Odda naturlege stader å besøke vestover.
Har dåke ikkje prøvd vintercamping før anbefaler eg å ta kontakt med Røldal Hyttegrend & Camping!