Eit stykke ute på den kambodsjanske landsbygda ligg tempelruinane etter Beng Meala. Det høyrer til Angkor-byen, som var enorm i utstrekning. Hovudtårna ligg i store steinrøyser, men ein del av veggene, m.a. biblioteket, kan sjåast. Her er naturen i ferd med å ta over, store tre veks opp gjennom murane og inn i det som er att av tempelet. Besøk dette tidleg om morgonen, då slepp du unna dei store turistmassane. Det er dårleg med plass inni tempelet.
1 142
268
45
8
5