Vi har merket at du bruker en nettleser som ikke støttes. TripAdvisor-nettstedet vises kanskje ikke riktig.Vi støtter følgende nettlesere:
Windows: Internet Explorer, Mozilla Firefox, Google Chrome. Mac: Safari.

“Eventyrlig.”
Anmeldelse av Hornelen

Hornelen
Vurdert som nr. 1 av 8 ting å gjøre i Bremanger
Flere attraksjonsdetaljer
Attraksjonsdetaljer
Eierbeskrivelse: Bestig Nord-Europas høgste sjøklippe! Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. Stien kan vere nokså krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. På toppen er det storslått panoramautsikt sørover kysten, nordover til Sunnmøre og innover fylket. Her ser du det varierte landskapet regionen vår har å by på – alt frå tronge fjordar og høge fjell til små øyer yst i havgapet. Viss du tørr kan du legge deg på kanten av stupet og kikke nesten loddret ned på båttrafikken 860 meter under deg.. Denne turen kjem du aldri til å gløyme! Delar av løypa har bratte oppstigningar, og er krevjande. Turen passar for dei som er vant med å gå i fjellet og i ulendt terreng. Å gå opp Hornelen er ein heil dagstur, men det er vel verdt strevet! Sesong Den beste tida å gå er vår, sommar og tidleg haust (mai -september). Ein kan ikkje gå opp Hornelen viss det ligg snø på fjellet. Den tida av året det blir tidleg mørkt må ein planlegge slik at ein er komt ned att før det begynner å mørkne. Korleis kjem ein seg til oppmøtestaden? Bremanger er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen og Nordfjord, med Smørhamn som stoppestad. Sjå www.fjord1.no eller www.ruteinfo.net for rutetider. Med bil frå Bergen: Følg E39 nordover til Førde, og deretter Naustdalsvegen mot Florø. Ta til høgre når du kjem til skilt merka Smørhamn, og følg veg 614 til du kjem til ferjeforbindelsen Kjelkenes – Smørhamn. Frå Smørhamn køyrer du nordover til Oldeide. Her tekk du til høgre, og køyrer til Hunskår, som ligg heilt i enden av vegen. Her er startpunktet for løypa. Alternativt kan du køyre frå Førde til Svelgen, fortsette til Davik og Rundsund, og deretter vidare til Hunskår. Denne turen byr på flott utsikt, men delar av vegen er smal. Turbeskrivelse Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berlenset. Den flottaste utsikten får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset. Turen tek omlag 8-10 timar t/r, og er dermed ein flott dagstur. Det er ein nokså krevjande tur, og dei som går bør ha litt fjelltrening og vere vant med å gå i bratt terreng – det kan vere ei utfordring for knea når ein skal ned att. Start Hunskår: Tid: 7-8 timar t/r Høgd: 860 moh Start ved enden av vegen på Hunskår. Stien er godt merka med raude T-ar og vardar, og ein går først i same retning som bilvegen, over Ramarhammaren, før ein svingar mot sørvest. Første del av stien kan vere litt fuktig, men etter ca 200 høgdemeter kjem ein innpå tørr sti. Stigninga opp til 500 moh. er jamt bratt på gras- og lyngmark. Her har ein flott utsikt mot Skatestraumen, Rugsund og Måløy. Ein kjem til eit vatn, og her kan ein gjerne ta ein lengre pause og nyte noko av nista. Dei siste 250 høgdemetrane før ein kjem opp på platået går i meir steinlendt terreng og med brattare og flatare parti. Resten av turen er med svak stigning, ein liten unnabakke og ca 100 meter med brattare stigning mot toppen. Turen opp er bratt, men ruta ligg trygt i terrenget og bør vere muleg å gjennomføre også for dei med litt høgdeskrekk. Det er tilgang på vatn heile vegen opp. Til toppen vil turen ta ca 4 timar. Når du kjem på toppen er den fantastiske utsikten lønn for strevet. Det er bygd ei lita steinhytte på toppen av Hornelen, og her ligg også eit norsk flagg du kan heise om veret tillet det! Om ein ynskjer ei slakare nedstigning og litt anna utsikt, kan ein gå ned til Berleneset. Returen ned til Berleneset følgjer same rute som vegen opp det første stykket, før stiane delar seg og ein tek sørvestorver. Her går ein inn på ein god sti i fjellsida over Frøysjøen. Stien går litt opp og ned i terrenget utover mot Berleneset. Etter 1,5 – 2 timar kjem ein ut på ryggen, og ein ser ned i Berleopllen. Frå ca 200 moh. er det eit litt bratt parti, men stien er tydeleg og det er fint å gå. Den siste strekningar går i lyng og på berg, og ein kjem ned på austsida av Berlepollen. Start Berleneset: Tid: 8-10 timar t/r. Denne ruta er noko lenger enn frå Hunskår, men lettare å gå – ei løype som egnar seg godt til ein lang familietur. Likevel er det nødvendig med litt fjelltrening før ein legg ut. Ruta gir deg ei stor naturoppleving med fantastisk utsikt! Ein startar frå Lisete på Berleneset. Stigninga i begynnelsen er ganske bratt, men det flatar ut etterkvart og det blir ei meir gradvis oppstiging. Stien er godt og tydelig merka. På siste del av stien mot toppen kjem ein inn på stien frå Hunskår. Kilde: Boka “Opptur”. Guiding Ta kontakt med turistinformasjonen for guiding i sommarsesongen. Keipen turlag organiserer turar til Hornelen.
Anmeldt 22. juli 2018

Her har man ett fin mål om en er i området. Vi gikk fra Berleneset, tur retur. Det ble en forholdsvis tøff og lang tur, ca 18 km. Stiene er godt merket å det er lett å finne frem.

Dato for opplevelse: juli 2018
1  Takk, larsen480
Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
Skriv en anmeldelseAnmeldelser (18)
Vurdering fra reisende
Type reisende
Tidsperiode
Språk
Filtrer

26 av 18 anmeldelser

Anmeldt 11. februar 2018 via mobile enheter

Om du har sjansen - ta deg ein tur på Hornelen! Det er ein fantastisk tur som tar deg opp til ei utsikt som lite anna kan måle av med. To alternative ruter: Hunskår - bratt men kort tid, Berle - slakare stigning men lengre tid.

Dato for opplevelse: februar 2018
5  Takk, tonjel347
Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
Anmeldt 25. juni 2016

Flott fjelltur. Bør være i grei form for å gå denne turen. En går i steinur den siste timen. Få muligheter for vannpåfylling etter at en er ferdig med det bratte.

Dato for opplevelse: juni 2016
3  Takk, Tur-turisten
Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
Anmeldt 3. desember 2015

Vakkert og trolsk. Spesielt i påsketider. Sol og farger. Dette er Norge på sitt beste. Fantastisk kjøretur fra fastlandet og nedunder Skatestraumtunnelen. Like vakkert som Atlanterhavsveien...

Dato for opplevelse: mars 2015
Takk, Ole I
Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
Les flere anmeldelser
Anmeldt 26. oktober 2015

Hornelen er ein fin plass, litt langt å gå for små born, men går heil fint når ein er liit eldre. Veldig fin tur, tok 4 tima med ei 6 år gammal jente.....

Dato for opplevelse: juni 2015
7  Takk, Amalie K
Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.

Reisende som så på Hornelen, så også på

Husevåg, Vagsøy
Bremanger, Sogn og Fjordane
 

Har du vært i Hornelen? Del dine erfaringer!

Skriv en anmeldelse Legg til bilder

Eiere: Hva er din side av saken?

Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.

Gjør krav på oppføringen din