Eg har vore i Syden minst 20 gonger gjennom livet, 3 gonger i Hellas. Har reist rundt mykje elles i verda også, og opplevd det meste av pluss og minus når det gjeld hotell, service, mat og klima. Blue Sea Beach Resort på Rhodos er truleg det aller beste hotellet eg har vore på. Greie rom, like i strandkanten, flotte basseng, strand- og bassengbar, grei strand, bare flott. Servicenivået på hotellet er spesielt bra. Frå reingjering like opp til hotellsjefen - her er bare smil og glede, ordet NEI trur eg ikkje dei har lært seg. Då me var der i juni i år fekk me eit rom litt for høgt i hovuddelen av hotellet etter min høgdeskrekk-prega smak. Ein telefon og to minuttar tok det å få nytt rom. Slik gjekk det slag i slag, same kva det var fekk me svaret ja.
Maten er eit heilt eige kapittel. Utsøkt, delikat, velsmakande og svært variert buffet. God miks av tradisjonelle og internasjonale rettar. Alt på i à la carte-nivå, dette slår alt eg tidlegare har opplevd matvegen i Syden. Pizza-avdelinga i hovudrestauranten er verdt nokre ekstra ord. Der står kokkane og kjevlar deiga, på med fyll og ost, og steiker fersk pizza i steinomn til kvart einaste måltid (unnateke frukosten då..). Smak, utsjånad og variasjon overgår i alle fall glatt alt av norske pizzarestaurantar. Eg heldt på å ete meg i hel! Eg for min del var på hotellet saman med son min på 12 år, og også han storkoste seg. Han mista eit leiketøy i løpet av veka, og me måtte dra heim utan dette. Det likte han ikkje. 6 dagar etter at me kom heim kom det ei pakke frå hotellet, dei hadde funne leiketøyet og sendte det sporenstreks heim til oss! Det er bare å ta av seg hatten for det dei får til på dette hotellet, eg anbefalar det til absolutt alle - og spesielt til familiar med born.