Vart litt overraska ved inn sjekk; måtte vera med resepsjonisten lenger opp i vegen for å koma til rommet i eit anna hus. Du kor triveleg det var her; 3 rom, felles daglegstove, ute plass (og låst kjøken). Ok rom, reint, god seng og nyoppussa bad. Opp ein etasje var det daglegstove som truleg ikkje har vore gjort så mykje med sidan siste fastbuande flytta ut. Dei gamle møblane stod der framleis og familiefoto hang på veggen.
Torskemiddagen som blei servert, var veldig god. God oppfylging frå servitør. Frukosten var heilt OK.
Parkering 200-300 meter lenger oppe i vegen frå resepsjon og restaurant, og forbod mot innkøyring til heile vegen ned mot sjøen.
Ei perla av ein plass og hyggeleg atmosfære. Her vil eg koma tilbake til!