Kjempeflott plassering ved Trondheimsfjorden, og veldig vennlig og serviceinnstilt personale.
Men! Og det er eit stort men! Eit sanitæranlegg som burde omtrent vore stengt. Med vasker/dusjer/toalett som ikkje fungerer, skittent og nedslitt. Eg såg at det va renovert for litt tid tilbake, men det burde kanskje vore totaltrenovert. Det var også alt for få toalett og dusjer til antal gjester som dei tok inn.
Utanfor sanitæranlegget var det eit hol rett i bakken for å tømme campingtoalett, dette uten noke for for skjerming for søl. Nokre få meter bortanfor var slange/kran for drikkevatn. Denne vart brukt til både å spyle føter og frontruter, så det frista ikkje mykje til å fylle på vatn der.
Det sto fleire avskilta vogner og biler og totalt nedsletne hytter/skur som enkelte faktisk brukte likevel.
Heile campingen bar preg av stor slitasje.
Det var synleg at litt har vore gjort siste tida med nyasfalterte vogn/bobilplasser. Eg håper for denne campingen si skyld at oppussingsarbeidet blir skrudd opp tempoet på, det burde vere mulig å få vekk den verste slitasjen rimelig kjapt. Lokasjonen er nydeleg ved fjorden, og det er også ei kjempeflott fribeegolf-bane rett ved.Mer
- Gratis Wi-Fi
- Gratis parkering