Budde på Vesterland ei natt frå 20-21. juli 2015.
Hadde bestilt familierom for vår familie på 2 vaksne og 1 born på 3 år.
Fyrsteinntrykket vitna om ein plass som har vore i drift lenge og utan særleg oppussing sidan oppstart utanom det høgst naudsynte.
Då me kom inn på rommet vart me møtt av ein forferdelig lukt, her lukta innestengt og gammalt. Det var heller ikkje reidd opp til minstemann på rommet, så alle 3 sov i to enkeltsenger som me skubba saman til ei dobbeltseng. Då me skrudde av lyset for natta viste det seg at det var noko gale med taklampene, slik at desse stod og flimra gjennom heile natta. Då var det for seint til at me tok oss bryet med å klage på det der og då. Då me kom til frukost, som me også måtte betale ekstra for, stod det kun nokre rundstykker ute ilag med litt frukostblanding og eit par yoghurt og noko ost og skinke. Heldigvis var det ein veldig hyggelig servitør der som lagde ferske omelettar til oss, dette var det eineste positive med heile opplevelsen.
Leikelandet fungerte greit for ein på 3 år, men desverre så bar eindel av apparatene preg av lang tids bruk og mykje var øydelagd.
Me klagde på rommet og fekk noko avslag i prisen(som me måtte betale på førehand), men likevel kjem me ikkje til å bu her fleire gonger.