Familien åt middag her, to vaksne og to små. Barnemenyen var ganske kjedeleg og vanleg, unntaket var quesadillas, som var ein hit hjå minsten. Storungen valte burger. Båe fekk med ein rikeleg med pommes frites, heldigvis, men det skal eg kome tilbake til.
Me vaksne kjøpte ein av kvar av dei fem tacoane som var på menyen. Servitøren, som var hyggeleg, sa at tre tacoar var for dei som var særs svoltne. Difor delte me to, alle dei fem. To av dei fem var gode, pulled pork og biff. Dei tre siste smakte lite eller ingenting. Mest skuffa var me nok av scampien og storleiken på tacoane. 2,5 taco var ikkje nok mat for korkje meg eller kona. Da var det godt at ungane fekk store mengder pommes-frites, så me åt oss mette på barneporsjonane.