Me kom til Solplassen på ein trist gråværs dag, som opna seg opp til ein varm, nydeleg kveld. Då me kom var det to servitørar som verkeleg løp rauva av seg. Me blei likevel sittende i nesten 30 minutter før ein av dei kom bort til oss. I mellomtida hadde min særs svoltne søn funne meny på eigahand og me var klare med bestillinga med det same. Det tok enda ein halv time før maten kom. Dei to stakkarane som flaug mellom bordene kjende eg at eg hadde litt vondt av. Medan me åt, dukka det opp tre servitørar til og ro og orden senka seg over den stappfulle uteserveringa.
Me bestilte to pizza. Desse var store og hadde mykje fyll. Best var husets pizza med biffkjøtt, lauk og oliven.