Eg var so heldig å vinne ein premie, som gjor at vi fant denne fantastiske plassen av ei perle. Eg og sambuaren hadde ei flott helg med god mat og drikke, og testa ut kjekke skiløyper for dei som likar langrenn. Vi var også med på arrangert aking, og slappa av i hotellet si koslige peisstove.
Fyrsteklasses middag - det er ikkje ofte vi ete so bra. 4 rettar der alt er flott dandert og presentert, men mykje gode smakar. Frukosten er hotellvertane veldig fleksible med, so om du vil sove til kl.11 og ta ein sein frukost får du det.
Vi reiser herifrå med ei lyst om å kome tilbake. Hotellet har ei heilt eiga atmosfære som gjer at du føler deg veldig heime og velkomen. Vertskapet er heilt fantastisk hyggelige, og vi fekk til og med ein klem då vi for - dette opplever ein sjeldan på andre hotell.
Kan absolutt anbefalast om du likar å gå på ski på vinteret, tur i terrenget på sommaren eller berre har behov for å slappe av med ei god bok foran peisen eller i solveggen. Vi kjem tilbake!