Ein fantastisk plass å ta turen ein finvêrsdag. Flott å sitte ute og sjå flya ta av og fallskjermhopparane lande rett framfor deg. Ein stor og spennande leikeplass der ungane kan kosa seg lenge utan å bli lei. Fin atmosfære og musikk, mange sittegrupper og hengekøyer. Absolutt verdt eit besøk.
Vi åt ikkje mat der, men det såg bra ut. Det einaste eg kunne ønska meg var større utvalg i kaffi. Hadde smakt skikkelig godt med ein is-latte eller ein cortado.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.