Flott hotell, resepsjonen ligg i andre etasje når du kjem inn frå gata.
Når me skulle sjekke inn vart me møtt av ei utrulig hyggeleg og smilande dame i resepsjonen. Hugsar dessverre ikkje namnet hennar, men hennar velkomst gjorde positivt inntrykk.
Fint og luftig rom med utsikt over Vangsvatnet. Merka ingenting til trafikken utanfor. Fint med sofa og stolar i tillegg til seng. Og at det var kjøleskap på rommet.
Etter dusjing er det vatn over alt. Minus at det ikkje er varme på badet.
Veldig mykje folk i frokostsalen, som ikkje nødvendivis bryr seg om tidene me er inne i med koronavirus. Men det var bra at det er satt ut mykje flasker med antibac.
Minus at det ikkje er parkering på hotellet.