Hei,
Takk for attendemelding!
Eg beklager at dykk vart møtt av synet av skittentøy! Det er dessverre utfordrande for oss på leveringsdagar av skittentøy at vi ikkje veit når det blir henta i løpet av dagen, samt at vi har plassmangel, så da kan det bli ståande noko i korridoren på slike dagar.
Når det gjeld rommet så er det som regel mogleg å få bytta rom om dykk er mistilfredse. Da er det berre å ta kontakt med resepsjonen, så gjer dei sitt beste for å hjelpe dykk med dette, då vi har mange ulike rom og storleikar på desse.
Frukosten er redusert no grunna korona restriksjoner, samt at vi er med på kampanja "Kutt matsvinn". Dette er det tydelege oppslag om, samt at det blir oppfordra til be om påfyll om dykk ynskjer det i tillegg til frukostmenyen som dykk kunne bestille frå.
Godt å høye at middagen smakte bra! Det er dessverre ikkje alle servitørene våre som har god kunnskap om vin, då dei kun er her ei kort periode om sommaren, og det er mykje å setje seg inn i når det gjeld vin. Men ho skulle sjølvsagt bedt om hjelp om dykk hadde spørsmål om vin til maten. Eg beklager det!
Ynskjer dykk ein god sommar vidare!