Hei!
Takk for attendemelding!
Det var leit å høyre at opphaldet ikkje vart som dykk hadde forventa.
Dessverre er det slik på gamle trehotell at det kan knirke i golvet, og det er dessverre ikkje så mykje vi får gjort med det.
Vi er klar over at bada treng ei opprusting, så det er vi i gang med.
At maten ikkje smakte må eg berre beklage. Det er sjølvsagt ikkje slik det skal vera, så eg håpar dykk gav beskjed til servitøren så ho fekk retta opp i det.
Når det gjeld frukosten har vi valgt å fortsetje med bordservering, både av hensyn til gjestar og tilsette. Med hensyn til 1-meters regelen har vi ikkje plass til å tilby buffet, og vi føler oss også ikkje sikre på at alle vil overhalde denne regelen ved buffet.
Vi håpar sjølvsagt å kunne tilby buffet at om ikkje så lenge.
Beklager nok ein gong at dykk ikkje hadde eit tilfredsstillande opphald hjå oss.
Ha ein framleis fin sommar.
Beste helsing
Heidrun Garmo