Som svolten vestlending på jobbtur ville eg ha meg eit betre måltid ein måndag, og tok då peiling på bygdas beste restaurant. Hotellet var visst fullt, så rom måtte han ta på eit nærligande hotell. Forståelig det når ein ikkje har bestilt. Men eg tok turen bortom i og med hotellet og restauranten der får så mykje skryt. Det såg ut til å vere bra med plass i lokalet, så håpet steig og menyen såg utsøkt ut. Den kjekke servitøren eg traff på etter eit høylytt slag i bjella, kom tilbake etter ein kort rådføringsrunde og beklaga; Det er fullt... Jaja, tenkte eg og fant meg eit bord på eit litt enklare establissiment. Elgburgeren var god, og godt med poteter og "graps"(les; løk, gulrot, paprika, sopp med mer, og saus). Fylte magen gjorde det.
Tok turen innom den flotte restauranten igjen etter måltidet, berre for å gå ein liten tur i det flotte sommarværet. Og fant dei fleste bord som stod tomme ein god time tidlegare, fortsatt mangla både kjørel og bestikk.
Eit kjapt regnestykke gjekk igjennom hovudet mitt, og eg fant ut eg sparte ca kr 800,- på denne avvisinga...
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.