Ein motorsykkeltur over Gaularfjellet er eit høgdepunkt i seg sjølv, og om du i tillegg er så smart at du stoggar på Eldalstunet for ein matabit vert dagen perfekt. Sjølv om det var mykje folk der då me kom, fekk me likevel rask service og ei verkeleg hyggeleg jenta som kom til bordet og tok opp bestillingi vår. Menyen var kort, men hadde likevel eit godt utval av tradisjonell mat produsert på lokale råvarer. Og, diverre uoopnåeleg for ein sjåfør, eit veldig godt utval lokale øl til ein rimeleg pris samanlikna med mange andre stadar.
Sjølv valde eg ureist lammeskank, den var nydeleg mør og velsmakande med veldig godt tilbehøyr. Maten var ureist fordi lammet var frå garden sin eigen besetning, meir lokalt kan det ikkje verta. Ein stor porsjon nyting på ein talerk! Frua tok svinekam, nydeleg den og.
Til dessert fall eg for ein vanilje pudding, ein slags Panna Cotta. God konsistens med herleg og fyldig smak av vanilje, og ein frisk bærsaus av lokalt plukka bær, dette var så langt frå industriprodukt du kan koma. Frua gjekk her for ei nydeleg heimelaga eplekake med is til. Attåt dette tinga me ein halvliter Olden og eit glas eplemost frå Sogn.
Når ein så må leggja til at den gode servicen heldt seg gjennom heile måltidet, der serivtøren hadde tid til å fortelja litt om maten, og at maten kom fort, så er det nesten skammeleg at det heile så vidt kosta over 500 for to. Det er heilt typisk at på ein hektisk dag som dette klarde karen som tok betaling å gjera også det til ei munter og morosam oppleving.
Du MÅ reisa innom her om du fer forbi, slike stadar veks ikkje på tre!