Me låg ei natt her i samband med ein MC-tur rundt kysten. Me kom seint om kvelden, og reiste tidleg neste morgon, så vår vurdering er basert på det. Hotellet har verkeleg særpreg, på ein koseleg måte. Me samanlikna det litt med koselege gamle hotell me har vitja i Storbritannia.
Rommet hadde bra storleik, og til og med ein balkong. Badet var romsleg og dusjen hadde godt trykk. Men det var mykje lyd i røyra når ein tappa vatn, det romla og peip så det var ein fryd!
Av negative ting kan ein nemna at det på balkongen flassa mykje måling, og at bordet og stolane som stod der ikkje var heilt lytefrie. Om ein er pirkete ville ein nok finne litt småtteri som skulle ha hatt litt meir TLC, men ingenting som endrar hovudintrykket av eit fint hotell med sjel.
Frukosten var ein typisk koronafrukost, me vart mette og sakna vel i grunnen ikkje noko anna enn å kunne velja sjølve i ein buffet, og det er ikkje hotellet sin feil. Lokalet som vert nytta som frukostsal er truleg også ein kafe, og er fantastisk fint. Her har dei utnytta kjøpmannstemaet til perfeksjon, den er verkeleg ei perla!