Me hadde venta oss betre, ut frå prisnivå og omtale - spesielt med tanke på maten.
Stovene i hotellet, balkongen og utsikta er det sjølvsagt ikkje noko å utsette på! Og romet (i «østblokka») var greitt.
Men maten; me valde å ete i bistroen i staden for restauranten. Ein burger og ein vegetarburger - begge tørre og triste greier som ein får betre på kva som helst vegkro. Frukosten var og ganske triste greier, med ihelkokt egg, tørr omelett og inntørka ost. Det hadde vore mykje betre om utvalet var mindre men av betre kvalitet - synes me. Og kaffien var rett og slett ikkje drikkande. Anbefaler kaffemaskin!
Servicen var stort sett grei, sjølv om me opplevde nokre av dei ikkje-norsktalande som heller mutte.