Hei Lars. Så bra at du lærte nytt om eple og eplegrupper. Når det gjeld tilrådd temperatur på cider, skal den sjølvsagt serverast avkjølt som du antydar. Vi beklager om den du fekk var blitt temperert; det kan skje viss det er mange smaksbrett som skal lagast til på ein gong.
Etter formidlinga i ciderkjellaren tilbyr vi gjestene å få smaksprøvane servert oppe, så lenge vi har plass i restauranten. Vi har ingen andre baktankar med det enn at det er kjekkare med utsikt til Sognefjorden enn å sitte nede i ein mørk kjellar.
Formidling og smaking er ikkje lagt opp som omvising som du skriv. Vi ser at nettsida og bookingsida kan tolkast som at det er ein tur - eks i hagen. Dette skal vi rette opp, for dette er trass alt Vestlandet der det ikkje alltid er like enkelt med faste uteaktivitetar. Og kanskje det viktigaste uansett er å formidla verbalt om den tradisjonsrike norske cideren som no endeleg ser ut til å få ein renessanse. Uansett: Velkommen attende ein annan gong til kaldare cider.
Helsing oss i Ciderhuset,