Restaurantdetaljer
God for: Spesielle anledninger, Romantisk, Store grupper
Middagsalternativer: Sent på kvelden, Reservasjoner
Beskrivelse: Koseleg restaurant i ein ombygd teglsteinfjøs. Ca 40 sitjeplassar ved små og større bord, peis som vert tent når det mørknar. Me serverer ala carte mellom 17:00 og 21:00 med eit lite utvalg kjøt og fiskerettar, forrettar og dessertar frå menyen vår.
Me brukar så kortreist mat som mogeleg. Okse, lam og svin kjem alt frå Voss, aure frå Hardanger og fisk frå Nordsjøen. Dette ilag med sopp og urter frå naturen eller vår eigen urtehage gjer at de her kan smaka rettar de ikkje finn dei fleste andre stader.
Er de ute etter eit godt måltid, ei god oppleving eller skal feira noko så er me rette staden på Voss.