Hadde lese om Cosmos på Tripadvisor, og sett plasseringa når vi køyrde forbi med buss, og fann ut at denne plassen ville vi forsøke! Det var roleg og ganske tidleg kveld då vår familie på to vaksne og tre tenåringar kom, og vi vart tekne i mot som kongar. Rakk akkurat å få drikka servert i tide til å knipse solnedgangen, så perfekt timing! Utsikta er fenomenal, og servicen var særdeles god under heile måltidet, trass i at det fylte seg opp rundt oss etter kvart. Vi åt litt forskjellig; pasta, burger, kylling; og alt var smakfult og delikat. Litt varierande størrelse på porsjonane, nokre av hovudrettane kunne med fordel vore mindre, men slik er det mange plassar... Dessertmenyen var begrensa, men kva gjer vel det når det er så utsøkt det som er der. Både den kvite og den mørke sjokoladevarianten var farleg god! Så topp karakter frå oss fem, vi kjem gjerne igjen!