Flott hotellanlegg på stranda i utkanten av Platanias. Sjølve anlegget er reint og fint. Vi reiste dit med våre tre tenåringar, og leigde den største typen leilighet, to soverom med dobbeltseng og ein på "ekstraseng" i stova.
Leilighet: Begge dobbeltsengene var twin beds, altså to seperate senger som stod inntil kvarandre. Litt ukoseleg for oss vaksne, men ok for tenåringane. Desse sengane var gode å ligge i. Ekstrasenga i stova er heilt forferdeleg. Vi enda opp med å bytte på å ligge der, slik at alle fekk ligge godt innimellom. Tekjøkkenet er svært sparsommeleg utstyrt, men greit nok for oss som kun laga frukost der. Ikkje avtrekk, så vårt einaste forsøk på å steike bacon utløyste brannalarmen... Veldig trangt med fem rundt bordet. Leilighetane er lyse og fine i "nordisk stil". Ok skap-plass på soveromma, tre altaner og god aircondition. Tørkestativ på to av altanane. Det store minuset med leilighetane (ved sidan av ekstrasenga) er badet. Det er lite i utgangspunktet, og rett og slett feilkonstruert. Dusjen dusjar rett ut i rommet, slik at golvet er oversvømt frå førstemann dusjar og fram til vaskepersonalet kjem. Det blir så vått at du må ofre 3-4 handdukar for å få det tørt, noko vi ikkje gadd. Dermed blir badet konstant vått. Ellers var der topp reingjering!
Bassengområde/strand: flott bassengområde, stort sett greit å få solseng til alle fem. Kjekt med avdelt barnebasseng og to djupe basseng; eit til leik og eit til symjing. Gode (og gratis) senger også på stranda. Supert å kunne gå til og frå når nokon føretrekk basseng og andre havet. Stranda er litt grov, men ok. Kjekt med litt bølger.
Mat: Vi ordna frukost sjøl, og åt lunch og middag på ulike restauranter. To dagar åt vi lunch på hotellet sin kafè ved bassenget; Cafe Mondo. Det var nedtur, det! Den slappaste greske salaten vi har fått servert! Den "usunne" maten var betre; omelett, pizza, sandwich og burger var heilt greit. Men når dei som bestilte omelett var ferdig med maten før dei som bestilte sandwich hadde fått sin mat, er det ikkje godt nok. Så den styrte vi unna resten av veka, der er mange andre gode restauranter og kafèar i nærleiken!
Treningsrom: Ok treningsrom med 3 syklar, 2 elipsemaskiner og ei mølle, pluss vekter, stativ og manualer. Mølla var delvis ødelagt, den bråka fælt.... resten av utstyret var bra, og absolutt godt nok til å få seg ei skikkeleg økt. Sakna fleire manualar; der var ingenting mellom 5 og 8 kg. I resepsjonen var der også kart over ulike turløyper, frå 2- 12 km, så absolutt mogleg å halde seg i form i ferien!
Summa summarum er det ein kjekk plass å vere, men det hadde vore kjekkare om badet var betre og alle sengane av ok kvalitet. Eit velstelt og pent anlegg!