To-roms leilighet som skal vera tre stjerner pluss. Alt var veldig slite, måling flassa både ute og inne. Bideet var laust på golvet og kranene dårleg. Elles var badet greit nok. Varmepumpa/kjøleanlegg nesten ubrukeleg. Var ikkje termastatstyrt. Slo seg av etter kort tid og då måtte ein slå på ein brytar på veggen! Stolar mangla inne. Ein sofa var dårleg å sitja i. Dei reklamerte med norsk tv-kanal. Det var NRK 1 som i fleire dagar ikkje verka ogfjernsynet var gammalt med dårleg lyd og bilete. Reinhald fem dagar pr veke. Handklede vart skift berre to gonger i veka. Safe, varmepumpe og fjernsyn var inkludert i prisen, men måtte hentast og betalast depositum for. Kjøkkenkroken var greit utstyrt. Sengene hadde fjørmadrass og var nedslitne og knirka kraftig. Det var maur over aalt. Frokosten var bra og personalet var høflege. Wi Fi fungert dårleg. Ikkje utsikt.