Veldig fint hotell sentralt på Playa de Palma. Me bestilte halvpensjon og både frukost og middag holdt god standard. Hadde Superior rom med sideutsikt mot Middelhavet. Veldig fint med eigne solsenger og eit lite badebasseng på samme nivå. Større basseng på grunnplanet med fleire solsenger. Stort sett mogeleg å finne eit par ledige senger.
Hotellet samarbeider med byrå som leiger ut sykler. Leigde sykkel og sykla inn til Palma sentrum (40 min) fint tilrettelagt med sykkelsti heile vegen.
Skal ein være kritisk til noko så er det deler av nabolaget som er overfylt av tåpelige unge fulle Tyske ungdommer.